Ledig åremålsstilling i dans ved UiS

Universitetet i Stavanger har ledig åremålsstilling inntil 150% som førsteamanuensis / universitetslektor i dans ved Det humanistiske fakultetet, Institutt for musikk og dans. Stillinga er ledig frå 15.08.14. Åremålet er på 6 år, med moglegheit for å forlenge med nye 6 år.

Fagområdet for stillinga er undervisning i dans for studentar på vårt studium: Bachelor i dans. Arbeidsoppgåvene vil vere undervisning, rettleiing, opptak, eksamensarbeid, og administrative oppgåver relatert til moderne- / samtidsdans: teknikkundervisning / repertoar / kontaktimprovisasjon. Ved tilsetjing som førsteamanuensis vil forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid inngå i arbeidsoppgåvene. I tillegg har vi behov for kompetanse innan contemporary jazz og alternativ trening.

Søkjar må ha utøvande erfaring som dansar og/eller koreograf på eit nasjonalt og helst internasjonalt nivå, og det er ynskjeleg med undervisningserfaring på universitets- og høgskulenivå.

Søknadsfrist 20.04.14.

Full utlysning

UiS