http://www.dansit.no/residens/fredrik-petrov-folklore/http://www.dansit.no/aktiviteter/quantum-entanglement/http://www.dansit.no/aktiviteter/utsatt-sacrificing-motorpsycho-og-impure-company-no-ir/http://www.dansit.no/aktiviteter/circus-absence/http://www.dansit.no/aktiviteter/penga-eller-livet-et-fagprogram-om-a-forvalte-resurser-og-skape-en-baerekraftig-kunstnerkarriere/http://www.dansit.no/hjem/om-dansit/
Hva skjer
Vi tilbyr
Nyheter/utlysninger
Foto: Tale Hendenes

Anna Einemo Frøysland – Still

“Still” handlar om relasjonen mellom minna våre og bevegelse. Korleis påverkar minner den fysiske haldninga vår og måten me rører oss på? Kva anna form kan dansen gi minna? Anna let sine eigne erindringar få ny drakt gjennom å utforske dei i ei blanding av tekst og dans. Samtidsdans møter ein oppvekst som nesten kvalifiserer til kategorien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Kroppen står for historieforteljinga, og i eit elles minimalistisk sceneuttrykk dukkar det opp alt fråkaninar med stolt vilje, kakao-konkurransar, forsøk på å dekke over overivrig Barne-TV titting, eldre brør med skumle vener og originale taktikkar for å sleppe unna kidnapparar.

Forestilling på DansiT lørdag 13. mars kl. 19.00

Om Anna Einemo Frøysland

Anna Einemo Frøysland (f. 92) kjem frå Lærdal i Sogn og er utdanna samtidsdansar ved Kunsthøgskulen i Oslo i 2016. Ho har jobba som dansar i fleire produksjonar for Nagelhus Schia Productions (mellom anna av Damien Jalet og Erna Omarsdottir) samt Ingun Bjørnsgaard Prosjekt, Marina Abramovic og Jeff Pedersen Produksjonar. Anna blei utvald til å delta på Koreografilaboratoriet på Dansens hus i 2019 med arbeidsvisning av solostykket Still. I 2020 koreograferte og dansa ho i førestillinga “Spil – ein studie i Wittgensteins språkspel”. Ho har Statens kunstnarstipend i 2020-2022. Saman med Berit Einemo Frøysland er ho no ein del av Den Norske Opera og Ballett si Kvinnelig Koreografisk Satsing.

www.annafroysland.com

 

×