PRODA
Sted
DansiT
Lengde
1,5 time
fredag 12. mars 2021 - kl.11:30

Begrenset antall plasser!
Send mail til tone@dansit.no for påmelding, senest kl. 14.00 dagen før.

Klassen er ei kunstnarleg deling av materialet og ideane bak soloarbeidet «Still» som Anna jobbar med under residensen hos DansiT.  Den vil starte med ei kort, felles oppvarming og deretter gå vidare over til improvisasjonsoppgåver og satt materiale frå soloen. Deltakarane vil få moglegheit til å nytte sine eigne, personlege erfaringar i arbeidet. Soloen er ei kjensleg og nær framsyning der publikum kjem tett på utøvaren. Prosjektet kan kallast ein oppvekstroman i danseform og personlege minner blir utforska saman med eit instinktivt og detaljert rørslespråk med tekst.

Om Anna Einemo Frøysland

Anna Einemo Frøysland kjem frå Lærdal i Sogn og er utdanna samtidsdansar ved Kunsthøgskulen i Oslo. Ho har jobba som dansar i fleire produksjonar for Nagelhus Schia Productions (mellom anna av Damien Jalet og Erna Omarsdottir) samt Ingun Bjørnsgaard Prosjekt, Marina Abramovic og Jeff Pedersen Produksjonar. Anna skaper eigne verk og blei utvald til å delta på Koreografilaboratoriet på Dansens hus i 2019 med solostykket Still. Duetten Spil- ein studie i Wittgensteins språkspel” (2020) var Anna si fyste heilaftens førestilling som ho koreograferte og dansa i sjølv saman med Berit Einemo Frøysland.  Anna har Arbeidsstipend for yngre og nyetablerte kunstnere i 2020-2022. Saman med Berit Einemo Frøysland blei ho utvald som Shooting Star under RED International Film Festival i 2019, og som duo er dei ein del av Nasjonalballettens nye gruppe Kvinnelig Koreografisk Satsing.

Web: www.annafroysland.com